2. Omgrepet marknadsføring
Marknadsføring er å utføre marknadsførings-
aktivitetar som fører til at det oppstår
bytehandel mellom bedrifta eller organisasjonen
og forbrukaren av vara eller tenesta. Nøkkelord:
• behov
• tilbod og etterspørsel
• produkt, tenester og haldningar
Tenk etter kor mange gonger
du har fått ein
marknadsføringsbodskap i dag.
Diskuter to minutt med den du
sit ved sida av.
Foto: Scanpix
3. Organisasjonar
Ein organisasjon er to eller fleire menneske som
arbeider saman og utfører oppgåver for å nå eit
klart definert mål. Dette medfører
• rollefordeling
• oppgåvespesialisering
Vi har tre ulike sektorar: frivillig, privat og
offentleg.
Prøv å komme på
døme på
organisasjonar i dei
ulike sektorane.
Foto: Scanpix
4. Privat sektor
I privat sektor finn vi alle dei bedriftene som er eigde
av privatpersonar, eller som er aksjeselskap (AS).
For å overleve på lang sikt må private bedrifter
• tene pengar
• auke verdien i bedrifta
For at dette skal skje, må dei dekkje behova kundane
har, dei må altså vere marknadsorienterte.
Når kjøpte du sist eit produkt
frå eit privat firma?
Lag ei liste over dei innkjøpa du
har gjort dei siste vekene.
Foto: Scanpix
5. Offentleg sektor
Stat og kommune
Bedrifter i offentleg sektor har ofte som
oppgåve å syte for at infrastrukturen i landet
fungerer godt, som til dømes
• vegar
• skular
• sjukehus
• postombering
Prøv å hugse kva du har lese om postombering og EU/EØS det siste
året.
Det er eit EU-direktiv som har vore mykje diskutert i Noreg, som
handlar om EØS-tilpassing.
Leit på Internett og forklar saka for dei andre. Dette er
marknadsføring!
Foto: Scanpix
6. Frivillig sektor
Interesseorganisasjonar og velgjerdsorganisasjonar
I frivillig sektor finn du dei organisasjonane
som jobbar for ei god sak, eller som jobbar
for å fremje ei interesse, som til dømes
• politiske organisasjonar (parti)
• ad hoc-alliansar
• velgjerdsorganisasjonar
• interesseorganisasjonar
Er du medlem av ein
velgjerdsorganisasjon?
Støttar du ein organisasjon?
Er du medlem av eit idrettslag?
Foto: Scanpix
7. Mål
Produkt – Konkurrentar – Leverandørar – Kundar
Det som er felles for alle organisasjonar, er
at dei må jobbe for å nå eit felles mål. Alle
dei tilsette har si oppgåve for å nå dette
målet. I tillegg har dei fleste organisasjonar
• produkt/tenester
• konkurrentar
• leverandørar
• kundar
Vel deg ut ein
organisasjon og finn ut:
Kven er konkurrentane?
Kva produkt sel dei?
Foto: Scanpix
8. Produkt og tenester
• Produkt er konkrete.
• Tenester er immaterielle.
• Tenester er «ferskvare» og blir produserte og konsumerte på same tid.
For å gjere det enkelt har vi valt å bruke omgrepet produkt om både konkrete varer
og abstrakte tenester.
Ein sportsklubb er ein stad mellom produkt og teneste; det er ein konkret stad, men
det er opplevinga av å vere der, altså trene der, som skaper eit vellykka produkt.
List opp for deg sjølv
kva som skal til for at
du skal bli nøgd når du
har kjøpt ei teneste.
Foto: Scanpix
9. Behov
Ein marknadsførar skaper ikkje behov, men kan vekkje –
og dekkje dei.
Marknadsorientering er å finne ut av kunden sine behov
og deretter produsere det som skal til for å dekkje dei.
Marknadsorientering = Produktorientering
Dei grunnleggjande behova våre, som tryggleik, tilhøyrsel
og mat og drikke, må bli dekte før andre behov melder
seg.
Kva for nokre behov
trur du menneska
på biletet er mest
opptekne av?
Foto: Scanpix
10. Behov Etterspørsel
Behov medfører
etterspørsel. Kva vi
etterspør, kjem an på
kvar i Maslows
behovshierarki vi
er, eller kva for nokre
behov vi allereie har
dekt.
Kvar trur du at du
er i pyramiden?
Foto: Scanpix
11. Marknadsføraren
Alle som spreier marknadsføringsbodskapar
om produkt, tenester, haldningar og
bodskapar, er marknadsførarar.
Har du nokon gong vore
marknadsførar av noko?
Kva gjorde du?
Kva var responsen hos kunden?
Kven var kunden?
Foto: Scanpix
12. Kjøparen
Kjøparen har mange namn:
• klient
• kunde
• abonnent
• pasient
Som kjøparar er vi ulike på grunn av kultur,
haldningar, livsstil, religion, personlegdom, alder,
geografisk tilknyting, utdanning og så vidare.
Prøv å beskrive den du sit ved sida av, som forbrukar.
Kva slags forbruksmønster trur du han eller ho har?
Kva er det som har påverka vedkommande til å bli ein slik forbrukar,
trur du?
Kva ville du ha gjort som marknadsførar for å nå fram til han eller
henne?
Foto: Scanpix
13. Marknader
Marknader er der kjøparen og seljaren møtest og det går
føre seg bytehandel.
Marknadsplassar kan vere både fysiske og ikkje-fysiske stader.
Vi deler inn i forbrukarmarknaden, bedriftsmarknaden og
mellomhandlarmarknaden.
Marknader kan, men treng ikkje å ha, innarbeidde namn:
• bustadmarknaden
• bilmarknaden
• aksjemarknaden
Foto: Scanpix
14. Marknadsføringsaktivitetar
Marknadsføringsaktivitetar er ting vi gjer som
marknadsførarar for å fremje bodskapen vår:
• reklame
• salsfremjande tiltak
• PR
• direkte marknadsføring (DM)
Kva slags DM har du fått i
det siste?
Har du gitt informasjon
om deg sjølv til denne
bedrifta?
Foto: Scanpix
15. Sosiale medium
Sosiale medium har blitt svært viktige
marknadsføringskanalar fordi
• dei når mange – lett og fort
• det er kostnadsfritt
• «alle» har pc, mobiltelefon og
lesebrett
• det er «in» å følgje med på
Twitter, Facebook og liknande
Lag ein marknadsføringskampanje på Facebook og Korleis trur du til dømes helsestellet kunne ha nytta
sjå kor mange du når i rett målgruppe ved «eit seg av YouTube for å få fram bodskapane sine?
tastetrykk». Diskuter i klassen og lag ei liste over tema de synest
det hadde vore naturleg å få informasjon om på
Kva synest du om at organisasjonar bruker dette YouTube.
som marknadsføringskanal?
Foto: Scanpix
16. Nettverksmarknadsføring
Nettverksmarknadsføring er ein måte å bruke
relasjonar på for å fremje marknadsføringsbodskapar
og oppnå sal.
Fordelane ved dette er mellom anna
• at det ikkje medfører nokon direkte kostnader til
butikklokale (ein held «homeparty»)
• at det ikkje medfører direkte kostnader til
reklame
• at private tilrådingar er sterk og truverdig
marknadsføring
• at ein handlar med venner og kjende
Kopier lenkja under og finn informasjon om
Tupperware-organisasjonen. Kva synest du?
Kor mange organisasjonar
kjenner du som bruker
http://www.twforum.no/853/hvem-er-egentlig- nettverksmarknadsføring som
tupperware/
marknadsføringskanal? Fortel!
Foto: Scanpix