Se ha denunciado esta presentación.
Utilizamos tu perfil de LinkedIn y tus datos de actividad para personalizar los anuncios y mostrarte publicidad más relevante. Puedes cambiar tus preferencias de publicidad en cualquier momento.

Reisa i nynorskland - Gammal versjon

3.002 visualizaciones

Publicado el

Dette er ein gammal versjon. Bruk heller denne: https://www.slideshare.net/kjetilhope/nynorskreisa-vol-16

Publicado en: Educación
  • Sé el primero en comentar

Reisa i nynorskland - Gammal versjon

  1. 1. Reisa i Nynorskland Klarar du å vinne spelet? @kjetilhope
  2. 2. Korleis vinne dette spelet • Du vinn dette spelet ved å komme heilt fram til siste slide. • Dersom du svarer feil, er du nødd til å starte på nytt. • Ikkje trykk deg vidare om du ikkje klarte å svare korrekt. • Dersom du ikkje klarer ei oppgåve, må du byrje på nytt. IKKJE gå vidare om du ikke klarte å svare korrekt.
  3. 3. God dag, kjære eventyrar. • Du skal leggje ut på ei reise. På denne reisa vil du møte mange utfordringar. Dersom du klarer å nå heilt fram vil du få heider og ære. • Vandringa di startar no!
  4. 4. God tur…
  5. 5. Du kjem til eit vatn… Du kjem deg ikkje vidare, men du ser ein mann med ein robåt der. «Kan du ro meg over?», spør du. «Kanskje», seier han, om du først kan svare på eit lite spørsmål…
  6. 6. Det heiter «ein bil – bilen» 1. Men korleis skriv ein «bil» i fleirtal? 2. Korleis skriv ein «hund» i fleirtal? 3. Korleis skriv ein «fisk» i fleirtal? Sei både ubunden og bunden form (til saman 6 ord)
  7. 7. Svarte du –ar og –ane? 1. Bilar - bilane 2. Hundar - hundane 3. Fiskar – fiskane Hankjønnsord har –ar og –ane i fleirtal. Svarte du rett på alle, gå vidare. Elles, begynn på nytt.
  8. 8. Du kjem deg over… Du går vidare. Der ser du ei jente som sit og et nista si. Du har gløymt maten din heime, og du kjenner deg svolten. «Kan eg få litt mat av deg», spør du? «Det avhengjer av om du klarer å svare på eit spørsmål», svarer ho…
  9. 9. Det heiter «ei jente - jenta» 1. Men korleis skriv ein «jente» i fleirtal? 2. Korleis skriv ein «tavle» i fleirtal? 3. Korleis skriv ein «jakke» i fleirtal? Sei både ubunden og bunden form (til saman 6 ord)
  10. 10. Svarte du –er og -ene 1. Jenter - jentene 2. Tavler - tavlene 3. Jakker – jakkene Hokjønnsord har –er og –ene i fleirtal. Svarte du rett på alle, gå vidare. Elles, begynn på nytt.
  11. 11. Men no, min unge vandrar, no vert vanskelegare… • Det ser ut til å bli ruskever. Du treng ein stad å vere under stormen. Du ser ei hytte i nærleiken, du går bort dit. Du bankar på. Ein gammal mann opnar. • «Kan eg få vere her under stormen», spør du. • Den gamle ser på deg. «Mogeleg, mogeleg», seier han. «Du kan få komme inn om du svarar på eit spørsmål…»
  12. 12. Det heiter «eit hus- huset» 1. Men korleis skriv ein «hus» i fleirtal? 2. Korleis skriv ein «problem» i fleirtal? 3. Korleis skriv ein «dyr» i fleirtal? Sei både ubunden og bunden form (til saman 6 ord)
  13. 13. Svarte du -_ og –a? 1. hus - husa 2. problem - problema 3. dyr – dyra Inkjekjønnsord har nullending og –a i fleirtal. Svarte du rett på alle, gå vidare. Elles, begynn på nytt.
  14. 14. Det sluttar å regne… • Du takkar for at du fekk ly i hytta hans, og skal til å gå vidare. • Før du går, spør mannen, kan eg fortelje deg om eit hus i nærleiken, der er ein skatt, men berre ein som meistrer nynorske verb kan finne fram til skatten. • Du vert interessert. Du tar med deg tinga dine og går til huset. Der er det fire dører. Over dei står det eit skilt…
  15. 15. På plakaten står det… «Berre den som meistrar nynorske verb kan klare å finne fram til skatten.» (Dersom du svarer feil, gå tilbake hit)
  16. 16. Mange svake verb er anten e- eller a-verb. Korleis bøyer ein «danse» 1. Dansar – dansa – dansa 2. Danser – danser – danset 3. Dansar – dansa – danset 4. Danser- danset - dansa
  17. 17. Svarte du «dansar – dansa - dansa»? Gå vidare, elles gå tilbake til starten.
  18. 18. «Je- verb» er ei eige gruppe verb på nynorsk. Kva er presens av å fortelje? 1. Fortelle 2. Fortel 3. Fortellar 4. Forteljar
  19. 19. Svarte du «fortel»? Gå vidare, elles gå tilbake til starten.
  20. 20. Kva er presens av å selje? 1. Selger 2. Selgar 3. Sel 4. Seljar
  21. 21. Svarte du «sel»? Gå vidare, elles gå tilbake til starten.
  22. 22. Sterke verb har si eige bøying. Kva er presens av «gjere», «finne» og «lese»?
  23. 23. Svarte du «gjer», «finn» og «les»? Gå vidare, elles gå tilbake til starten.
  24. 24. Du fann skatten! Du gler deg over funnet. No treng du ikkje tenkje på verb på ein stund.. Men du skal vidare. Du går til ein skog som kallast Ordas Skog. Her er det mange monster og feller, og du må vere varsam… Dersom du svarer feil i framtida, går du tilbake hit…
  25. 25. Ordas skog… • «Velkommen til Ordas skog. Her vil du finne mange ord som ikkje er dei same som på bokmål». • Stav ordet høgt for deg sjølv.
  26. 26. Forfatter, amerikaner, fisker • Kva er dei nynorske orda?
  27. 27. Svarte du «forfattar», «amerikanar», «fiskar» • Bra! «-er»- ord blir som oftast til «-ar» på nynorsk. • Viss ikkje, gå tilbake.
  28. 28. Man • Kva er det nynorske ordet?
  29. 29. Svarte du «ein»? • Bra! Ein seier ikkje «man» på nynorsk. • Viss ikkje, gå tilbake.
  30. 30. I stedet for • Kva er den nynorske frasa?
  31. 31. Svarte du «i staden for»? • Bra! «Stad» er hankjønn på nynorsk. • Viss ikkje, gå tilbake.
  32. 32. Du kjem til ei hytte i skogen… • Du er trøytt og treng ein stad å sove for kvelden. Så du bankar på. • Ei heks kastar seg over deg, og bind deg fast med ei hengelås. Så heller ho vatn i ei stor gryte, og går ut for å finne ved. • Du trur du kan dirke opp låsen, men du må vere rask! • Skriv ned numra i rekkjefølge og gi til læraren din etterpå.
  33. 33. Dessuten 1. Dessuten 2. Dessuten 3. Dessutan 4. Desutan
  34. 34. (Det) finnes 1. Finnes 2. Finnas 3. Finst 4. Finnast
  35. 35. Hodet 1. Hodet 2. Hovedet 3. Hovuda 4. Hovudet
  36. 36. Hverandre 1. Kvarandre 2. Kverandre 3. Kvarandra 4. Kverandra
  37. 37. (Hun) sier 1. seie 2. seier 3. seiar 4. sier
  38. 38. Til 1. til 2. tel 3. tå 4. tell
  39. 39. Gå til læraren din med nummeret du har skrive ned… Læraren vil fortelje deg om du klarer å rømme frå heksa…
  40. 40. Gratulerer • Du klarte å rømme. No må du vidare. • Du kjem til ein stad der vegen splitter seg, og sjølv om du ikkje veit dette enno, så kjem den til å splitte seg fleire gongar. • Viss du skulle ta feil kan du gå tilbake hit.
  41. 41. Dette er spørjepronomenas del av skogen… • Her treng du å vite riktig spørjepronomen for å finne riktig veg gjennom skogen. • Ved kvart vegkryss er det eit skilt med ulike ord. Det rette ordet syner den rette vegen.
  42. 42. «Hva» • (Bokmål) Hva er det nynorske ordet?
  43. 43. Stava du «kva»? • Gratulerer, du valde rett veg. Elles, gå tilbake.
  44. 44. «Hvorfor» • (Bokmål) Hva er det nynorske ordet?
  45. 45. Stava du «kvifor» eller «korfor»? • Gratulerer, du valde rett veg. Elles, gå tilbake.
  46. 46. «Hvem» • (Bokmål) Hva er det nynorske ordet?
  47. 47. Stava du «kven»? • Gratulerer, du valde rett veg. Elles, gå tilbake.
  48. 48. «Hvordan» • (Bokmål) Hva er det nynorske ordet?
  49. 49. Stava du «Korleis»? • Gratulerer, du valde rett veg. Elles, gå tilbake.
  50. 50. «Hvor» • (Bokmål) Hva er det nynorske ordet?
  51. 51. Stava du «Kor» eller «Kvar»? • Gratulerer, du valde rett veg. Elles, gå tilbake.
  52. 52. Gratulerer, du har kome langt. • Men ferda er ikkje over enno. • Meir kjem…

×