Tida er inne for å tenkje nytt rundt kulturminne. Det er ikkje lenger berre den fjerne fortida som skal takast vare på, men minne frå kvardagen heilt fram til vår eiga tid. Kulturminneår er viktige reiskapar til å fremja interesse og forståing for dokumentering, bevaring og formidling av kulturminne. No er det opp til oss kva vi skal få til i Sogn og Fjordane.